Innkalling til årsmøte i Kviteseid misjonsmenighet på Betel sundag 15. januar kl 17

Vi byrjar som vanleg med pizza, så kan borna leike i kjellaren medan vi vaksne held årsmøte oppe.

Dagsorden:

  • Årsberetning og rekneskap
  • Rapport frå underavdelinger
    • Passpåklubben
    • Fredagssamlingane
    • Speidaren
    • Diakonirådet
  • Planer for arbeidet neste år

Vi har mykje godt arbeid i menigheten, som samlar mange ulike folk frå ulike miljø kring aktivitetar og Gudsord! Men det er vanskeleg å finne leiarar til menigheten sine ulike aktivitetar. Det har til dømes ikkje lukkast valkomiteen å finne nye kandidatar til styret. Speidaren måtte omorganiserast i haust på grunn av mangel på leiarar. Det blir vanskelegare å fylle oppgåvene på sundagstreff.

    • Er det ein eller fleire aktivitetar der drifta opplevast vanskeleg? Driv me rovdrift på enkelte leiarar? Korleis løyser me dette?
  • Vidare utvikling av Betel-eigedomen

Styret si innstilling: Det er ikkje lenger press på lokalet i samband med sundagstreff. Utbygging av lokalet leggast førebels på is. Våren 2012 arbeider vi vidare med inngangspartiet og toaletta, innafor eit budsjett på 60 kKr

  • Valg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *