Styremøte, 6. juni -12

Desse møtte: Anlaug, Anders, Aslaug og Øystein.

1. Anlaug innleia med eit ord bibelen.

2. Referat frå forrige styremøte vart godkjent.

3. Øystein tek seg av skilt på veggen ute og knaggar til klede inne i gangen. Anders ordnar nytt glas i nødutgang. Den nye utgangsdøra har kome i hus og skal setast inn med det fyrste.

4. Dei 60 tusen kronene som vart løyvd til oppussing er nå bruka opp. Men utgangsdør og elektrisk utstyr  er ikkje betalt. Kasseraren betalar dette og me kjem tilbake til ein nøyaktig kostnadssum etterkvart.

5. Plantekomiteen innkalla til dugnad ein kveld og plantene kom fort i jorda ! Plantene vart kjøpt av menighetsmedlemene. (Det var ein god ide`, frøken Holm !)

6. Fire av damene i menigheten ordnar med basar i september. Pengane skal gå til nye stolar. Me har mange fine ting og håpar på mange pengar !

7. El. kontrollen kom på besøk ein dag og det var eit og anna som måtte ordnas. Anders tek seg av dette.

8. Sommarfesten den 17. juni vert på Kvitsund kl. 12.

9. Det har kome ynskje om pastor i menigheten frå eit medlem. Dette vert teke opp på menighetsmøte den 9. september. Styret synes ikkje det er grunnlag for å taka opp att saka om utbygging av av lokalet. Me syner til årsmøtevedtak, der dette vart lagt på is.

10. Når det gjeld familiespeiding, kjem me tilbake til dette over sommaren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *