Styremøte, 30.august – 12

Desse møtte: Øystein, Anlaug, Aslaug og Olav. Anders kunne ikkje koma.

Me tok opp desse sakene:

1. Olav orinterte om «soul children». Det er ein bevegelse innan Normisjon, og er innmeldt der.

I Kviteseid er dette for ungar frå 7. klasse, og alle som har lyst og som likar sang og dans, kan vera med. Fyrste øvinga vert 11. sept. på skulen.

2. Me er nesten ferdig med møtelista for hausten. Håpar på jolefest på Sundvang, 3.joledag i år og.

Talar på fellesmøta i mars 2013 er ikkje klar ennå.

3. Forslag om å rive ned vegen frå stoga, slik at salen blir noko større, vart drøfta. Øystein snakkar med fagfolk om moglegheten for å gjera dette, utan at det går ut over andre ting i huset. Pipa må og ned, samt peisen i kjellaren. Kva vil dette koste ? Me tek det opp op menighetsmøte, 9. sept.

4. Når det gjeld dugnadsarbeidet er ytterdøra på plass og nytt glas i «nødutgangs døra». Framleis manglar nye skilt ute og noko å henge klede på inne, men det kjem. Rullestolrampe i staden for trappa kjem og etterkvart. Kasseraren vil snakke om kva alt har kosta til nå, på menighetsmøte.

5. Olav sluttar som leiar av komiteen for sundagstreff, til nyttår. Åsbjørg og Tone held fram.

6. Det er tre jenter som skal fylgje «tentro» opplegget og konfirmerast på Betel til våren.

7. Basardamene har det meste under kontroll til basaren, laurdag, 29. september.

Aslaug M

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *