Referat frå årsmøte, 20.januar 2013

Det møtte 16 medlemer og nokre barn og me åt pizza før møtet tok til.

Anlaug leia møtet og innleia med eit ord frå Gal. 6.2, før ho las eit kapittel frå boka til «Snåsamannen»

Sak 1.

Aslaug las årsmeldinga, som vart godkjent, etter at eit par utgløymde ting var teke med.

Sak 2.

Ove S. la fram rekneskapen for 2012, som synte at det har vore eit bra år, økonomisk sett og. Den revidera reknskapen vart godkjend.

Sak 3. Undergruppene.

Sigrun S. fortalde litt om fredagsklubben, som er eit populært tiltak blandt ungar/ungdom i aldersgruppa 7.-9. klasse. Det møter mellom ti og tjuge kvar gong. Foreldra lagar mat og held andaktar, saman med elevar frå Kvitsund. Det vert bytta på å vera på Betel og Fredheim annakvart halvår. Dei møtest kvar fjortande dag og hovudansvarleg i år har vore Svein Heggtveit, med god hjelp av andre frå Fredheim og Betel.

Anlaug S. fortalde om Passpåklubben. Der er det ungar/ungdom frå 7. – 10. klasse. Mest gutar. Tor Olav Aabø har hovudansvaret, med god hjelp frå Kvitsund til andaktar og av Anlaug som står for serveringa. Dei har hatt ein åtte – ti samlingar i 2012. Det har etter kvart samla seg opp ein del pengar på bankkontoen deira, som dei ikkje treng, så det vart overført tretti tusen til «stolkontoen» i menigheten. Reknskapen her var revidert av Aslaug. Me er glade for at Passpåklubben har ein grei plass å vera og at dei nye eigarane av garden ser positivt på aktiviteten som vert driven.

Familiespeidaren hadde ein tre-fire samlingar i fyrste halvår av 2012. Dei heldt til ved vatnet på den gamle campingplassen. Anne Marte M. Larsen hadde hovudansvaret og Olav Holm heldt andaktar. Men på grunn av dårleg frammøte er speidaren førebels «lagt på is». Speidaren hadde og ein del pengar og det vart overført seksten tusen av desse til menigheten. Dette var «klarert» med Misjonsborbundet Ung. Reknskapen var revidert av Gunhild.

Sak 4. Val.

Valkomiteen, som har vore Svere S. og Ove L., har hatt ein vanskeleg jobb i år.  Mest ingen ville vera med i styret. Det enda med at oppgåvene i menigheten vart fordela slik:

Gunhild B. er kontaktperson. Ho får med seg Øystein K. og Olav H. i eit «ministyre». Vara er Mari S.

Ove S. fortset som kasserar og vaktmeister.

Ove L. har ansvar for annonser og plakater.

Aslaug T. held fram som sekretær og revisor.

Svere S. er ansvarleg for Betelnett.no.

Olav H. kallar inn og ledar menighetsmøte. Han står og som ansvarleg i Brønnøysund.

Anlaug S. går inn i sundagstreffkomiteen, saman med Åsbjørg Hægeland og Tone Fosse.

Sigrid L. representerar oss ved «høytidlege anledningar».

Sverre og Ove L. held fram i valkomiteen.

Oppgåvene som kvar enkelt har teke på seg, gjeld bare for 2013 !

Da me ikkje har eit vanleg styre og dermed heller ikkje styremøte, men likevel held eit høgt «aktivitetsnivå», kan dette sjølvsagt bli eit problem. Me håpar på betre tider neste år, men det er og mogleg at dette er ei god løysing, om den er litt utradisjonell !

Sak 5. Oppussing/renovering av huset.

Øystein K. og Anders S., la fram planar og prisar for, i grove trekk, å rive ned vegg i stoga, samt pipe/peis og lage kjøken i det gamle kontoret. Dette vart det ein del diskusjon omkring. Forslaget om å innhente pris på å slå ut heile veggen til gangen og rive ned sikringsskåp og det som er gjordt av oppussing i gangen, kom opp att. Dette har styret valt å ikkje gjera noko med tidlegare. Me tok skrifteleg avstemming på dette. Av dei 15 som var tilstade da, (Ane H. hadde reist heim) stemmte 11 nei og 4 ja til å innhente ny pris på dette

Det kom og opp forslag om å utseta avgjerda av heile renoveringa. Me tok ei skrifteleg av stemming på dette og der stemmte 10 nei og 5 ja til å utseta avgjerda.

Det vart og diskutert om me skal taka til med arbeidet så fort me kan. Til slutt vart styret sitt forslag vedteke med 12 ja og 3 nei.

Resultatet av desse avstemmingane vart, at det er fleital for å behalde gangen som han er nå. Slå ut veggen i stoga, rive pipe/peis og lage nytt kjøkken i det gamle kontoret.

Aslaug har snakka med banken om eit event. lån. Ho har fått tilsendt nedbetalingsplanar. Me vedtok å låne minst mogleg, helst under eithundretusen kroner. Ho held kontakt med banken og med Byggmakker i Seljord, som har kome med pris på kjøkken.

Sak 6. Stolar.

Me har over syttifire tusen kroner på ein konto som kan brukast til stolar. «Basardamene», samt  Anders og Øystein er i stolkomiteen. Dei møtest 5. feb. for å sjå på stoltyper.

Sak 7. Andre ting.

Det kom inn forslag om å sende ut brev att, om fast givarteneste og vise til ombyggingsplanane.

Det vart vedteke å fortseta med å sende pengane frå Sundagstreffa til Jacobs Hus i Colombia.

Årsmøte vart avslutta med bøn !

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *