Minnar om fast gjevartjeneste til Kviteseid Misjonsmenighet

På årsmøtet i januar vart det vedteke å setje fokus på å auke den faste gjevartjenesten for å styrkje økonomien til menigheten. Alle medlemer og venner har derfor fått eit brev der me oppmodar alle til å vere med på eit felles løft for økonomien.

Brevet kan de lese her: 

Kjære trufaste medlemer, deltakarar på møta og venner av Kviteseid Misjonsmenighet

Me vonar de har lese årsmeldinga for 2013 som ligg ute på www. betelnett.no og gleder dykk over alt arbeidet for Guds rike som vert gjort i menigheten vår. I året som har gått, er me særskilt takksame for oppussing av huset vårt som gjer det betre eigna til å møte menneske i alle aldrar på ein raus og inkluderande måte med Jesus i sentrum. I tillegg takkar me alle som trufast er med i menighetsarbeidet gjennom ulike oppgåver, trufaste forbedarar og for dei som støttar menigheten økonomisk.

Viss de har tatt dykk tid til å lese årsmeldinga, har de kanskje også sett over rekneskapen til menigheten for 2013 (og nokre år bakover i tid). Der vil de sjå at inntektene er svært små i høve til utgiftene og aktivitetane både når det gjeld møteverksemd og oppussingsarbeidet som er gjort dei siste åra. Det er derfor i 2013 tatt opp eit lån på 75 000 kr for å dekkje diverse oppussingskostnadar.

Økonomien til menigheten er heilt avhengig av at det meste av arbeidet med møte/aktivitetar og vedlikehald/oppussing vert gjort på dugnad der alle med sine nådegåver tek i eit ekstra tak for fellesskapet i menigheten.

På årsmøtet kom det fram visjonar og tru på at Gud har spanande planar for menigheten og at Gud vil velsigne menneske gjennom arbeidet me gjer. Det vart også løfta fram tankar om at tida var inne for å tenkje aktivt på pastor/menighetsarbeidar for å hjelpe oss i dette arbeidet. Det vil krevje ein meir føreseieleg og styrka økonomi viss me skal kalle nokon til teneste.

På bakgrunn av dette vart det på årsmøtet vedtatt at me skulle setje fokus på å auke den faste gjevartjenesten for å styrkje økonomien til menigheten for vidare arbeid og drift.

Me utfordrar oss sjølv og deg/dykk frimodig om å vere med på dette økonomiske løftet slik at menigheten kan vekse og at ein kan nå fleire med evangeliet om Jesus i Kviteseid. Viss dette er noko de/dykk vil vere med på, kan de gjere det på ein eller fleire måtar:

1. Kontakt banken og avtal fast trekk ein gong i månaden til Kviteseid Misjonsmenighet.
2. Kontakt banken for å auke det faste trekket til Kviteseid Misjonsmenighet
3. Set inn eit eingongsbeløp som de merkar med nedbetaling av lån.
4. Gje ei testamentarisk gåve til Kviteseid Misjonsmenighet

Kontonummer: 2660.20.17450

Hugs at de får skattefrådrag for gåver gitt til menigheten på inntil 16 800 kr. pr. person pr. år.

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren. Fredstankar og ikkje ulykkestankar. Eg vil gje dykk framtid og håp.» Jer.29.11
På førehand takk, og hugs Gud velsignar ein glad gjevar 🙂

Mvh. Kviteseid Misjonsmenighet (Betel) v/ Gunnhild Berntsen og Sigrun Lønning Solvang

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *