Menighetsmøte, 9. november -14

Gunhild yngste velkomen dei tolv som hadde møtt fram !

Me tok til med ein «bibelquiz», samt kaffe og kake !

Sak 1  «Godleik 2015 » Kyrkja, Fredheim, Betel og Misjonshuset går saman om dette. Denne kampanjen starta i Stavanger og breier om seg i landet. Sokneprest Torstein Nordal har laga eit «opprop» som han orinterer om på Betel onsdag, 19.november. Menighetane samlas da her og me et kveldsmat saman. Meininga er at dette skal gå føre seg torsdag- fredag og laurdag i veke 19 til neste år. Der går me saman om å gjera gode gjerningar, med andre ord hjelpe folk med praktisk arbeid. Sundag 10. mai vert det felles gudsteneste i bryggeparken med «kyrkjekaffe» etterpå.

Sak 2. Brev frå Misjonsforbundet Ung. Gunhild las ei brev som var kome og som går ut på å støtte arbeidet til Ung. Det er meininga at kvar menighet skal gjeva 1 % av budsjettet til dette. Kv.seid Misjonsmenighet har sendt 500 kr i månaden til Ung i mange år. I tillegg har me sendt 1000 kr til hovudorg. kvar månad. Dette vert 18000 i året til Misjonsforbundet. I tillegg vert alle kollektane på sundagstreffa sendt til Jacobs Hus. Me vart samde om å snakke litt om misjonsprosjektet vårt i Colombia for ungane på eit sundagstreff.

Sak 3. Kva skjer med menighetsarbeidaren ? På årsmøtet vart det sett ned ei gruppe som skulle undersøke om me hadde trong til ein menighetsarbeidar e.l. Det er ikkje gjordt så mykje med dette førebels og me spør oss sjølve; kva treng me eigentleg ?

Sak 4. Nye vindauga i salen ? Det kom fram eit ynskje på eit styremøte om nye glas i salen, da desse er vanskeleg å opne og enda verre å pusse ! Forslaget vart trekkt attende. Dette er ikkje var nødvendig ennå, men glaset i 2. høgda må skiftas ut, da dette er rote. Ny inngang med rullestolrampe må prioriterast; dette vart vedteke på årsmøte.

Sak 5. Styre ! På årsmøte i 2015, må me ha på plass eit styre. Det som me håpar på, er at nokon seier seg viljug til å vera leiar. Da er det lettare for andre å gå inn i dei andre styrevera. Sigrid og Ane i valkomiteen har eit vanskeleg arbeid framføre seg. Dette må me verkeleg be for !

Sak 6. Ledarkurs. Det skal vera eit kurs for dei som er lederar i Fredagsklubben. Me vart samde om å gjeva økonomisk stønad til dette.

Sak 7. Ymse. Sigrun snakka litt om joletrefesten på Sundvang, 4. joledag. Me er sjølvsagt med i år og. Ho tek kontakt med Kyrkja og Normisjon; kanskje dei og vil vera med ? Spørje Torstein Nordal om å halde andakt. Ove S. nemnde at dei nye medlemene våre og må få Misjonsbladet gratis. Aslaug fekk i oppdrag å sende inn navn og adresser til fam. Hægeland og Tone Fosse, slik at dei og får dette fine og innhaldsrike bladet heim i postkassa. Varmen i lokalet kan vera eit problem. Dersom det er få menneske samla, er det som oftast passeleg, men er lokalet fullt, vert det fort for varmt ! Kan me ta ein real utlufting i ei pause, eller må Ove seta ned termostaten. Me får prøve oss fram ! Den store talarstolen er framleis på plass. Men Sigrun og Øystein har skumle planer om å taka den vekk og få inn ein liten nett sak ! På basaren i oktober fekk me inn over femten tusen. Dette er rein netto og me er fornøgde. Ny løpar til salen er på veg og så får me sjå kva me treng mest, f.eks. noko til det nye kjøkkenet ? På  sundagstreffet den 16. nov., kjem Jan Danielsen og held tale. Da kan me ynskje Tone Fosse velkomen som medlem !

Aslaug M. Tormodsvik

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *