Jubileumsfest

Dette er til minne om at det er femti år sidan Sven Øverland, Helge Skorgen og den lange svensken Uno Olsson kom som unge forkynnarar til Betel.

Dei hadde starta bibelskuleutdanning på Ansgar, og blei sendt ut av Ingulf Diesen, som var rektor der då. Mange ungdommar kom på møta den hausten og vinteren. Desse er nå invitera til ei samling 1. nov 09.  Me ser fram til denne sundagen, som startar med møte kl.n 13.00! !  Middag m/kaffe kl 15, og mimrestund kl 17.00.  Alle er velkomne, både dei som ikkje hugsar frå denne tida, og sjølvsagt dei som var ein del av denne glade – men viktige tida på Betel.