Årets siste samling blir sundag 20. desember kl 11.00 (merk tida!). Møyfrid Lunde kjem og har andakt for oss. Tone les ei joleforteljing for oss. Det blir mykje god song og musikk: solosang av Camilla, musikalsk innslag på fløyte og trombone, samt allsang med god musikk. Vi gjev også ei julegåve til borna på Jakobs hus i Colombia. Etter møtet blir det enkel servering i kjellaren. Vi følger smittevernsreglane og held avstand mellom ulike husstandar. VELKOMEN!
Sundagstreff med besøk frå Fredheim
Sundag 29. november er det sundagstreff att! Vi får besøk av Rolf Inge Johansen, pastor i Kviteseid Pinsemenighet, Fredheim. Tema for møtet er «Gud høyrer og svarar på bøn». Det blir som vanleg god sang og musikk, kollekt til Jakobs hus i Colombia, og ein liten leik. Etterpå går i vi i kjallaren og et Grutles pizzasnurrar 🙂

Songkveld 1. november
Førstkomande sundag, 1. november kl 19.00 er det ny songkveld i Kviteseid MIsjonskyrkje. Vi syng saman songar og salmar det er kome inn ønske om på førehand. Har du ein eller fleire songar du liker godt eller som betyr noko for deg? Send den inn til Sigrun L. S. på SMS (924 18 778) innan sundag kl 12. Husorkesteret med Olav, Sverre og Ane spelar.. og kanskje kjem Herman med fela. Håpar du kjem! Og fint om du sender inn songforslag på førehand. ALLE VELKOMEN!
Strikkeplagg med hjartevarme og bibelvers
Strikkekafeen med Anlaug og Gunhild i spissen er produktive! Dei har stikka massevis av sokkar, gensarar og luver, og no vil dei donere desse til Frelsesarmeen! Frelsesarmeen gjev plagga vidare til dei som treng dei mest. Vi håpar mottakarane av gåvene vil kjenne hjartevarmen frå dei som har strikka. Vi håpar endå meir at mottakarane vil kjenne Guds hjartevarme, og få eit glimt av Hans lys og håp. Inni sokkane ligg det ein lapp med gode bibelvers til oppmuntring. Ver med å be om at både sokkane og orda må varme!
Kvifor trur du på Gud?
Vi har kvar vår historie om kvifor vi trur på Gud. Om kvifor vi framleis trur på Gud. Det er både spanande, lærerikt og inspirerande å høyre andres tankar om dette. Andakten på sundagstreffet førstkomande sundag, 25. oktober, blir ein «panelsamtale» der vi får høyre ulike personar fortelje om dette: Kvifor trur eg på Gud? I tillegg blir det som vanleg god sang, leik og kollekt til Jakobs hus i Colombia. Når møtedelen er slutt, held den gode praten fram i kjellaren. Her serverer Ellen og Gunhild pizzabollar til heile gjengen. Ta gjerne med deg ein ven! Velkomen!