BØnNEMØTE

Bønnemøta startar opp att etter sommaren! Onsdag 26/8 blir det «Bønn for Kviteseid» (Felleskyrkjeleg bønnemøte) på Betel. Dette blir til vanleg tid kl 20.30. Desse felleskyrkjelege bønnemøta blir kvar siste onsdag i månaden. Alle dei andre onsdagane blir det bønnemøte kl 19.30 (merk tida!). Velkommen til alle! Dersom du ikkje har høve til å kome, men vil dele eit bønneemne, kan du melde dette på 97177684 (Åsbjørg).

Sommaravslutning

Sundag 7. juni blir det sommaravslutning på Betel! (Eller skal vi heller kalle det oppstart..?) Vi samlast i hagen på Betel kl 14 (ikkje kl 13 som tidlegare annonsert). Åsbjørg har andakt, og det blir aktivitetar for små og store. I tillegg blir det god tid til prat. Det treng vi 🙂 Vi startar med mat. Pga smittevern må alle ta med mat til seg sjølv. Det blir servert kaffi, te og is. Etter samlinga kan dei som vil bli med på gåtur! Planen er å gå til «Korstoppen». Vi kjører bil til enden av Hommanvegen. Turen går først på fin skogsveg, så blir det eit parti som er litt ulent, før vi kjem inn på fin skogssti. Ta med gode sko og litt ekstra mat og drikke. Nydeleg utsikt! Alle er velkommen! Ta gjerne med ein nabo eller ven!

Bønnemøta er tilbake!

Dei faste bønnemøta på onsdagar kl 20.30 er starta opp att! Det er godt å kome saman med kvarandre og be! Vi har mykje å takke for, sjølv i desse tider, og mykje å be for, både lokalt, nasjonalt og globalt. Dersom du ikkje har høve til å kome på bønnemøta, men har bønnebehov; skriv ein sms til den som står på lista under, så tar vi det med oss inn i bønnemøtet.

13/5: Mari S.S. 970 69 102

20/5: Anlaug S. 992 48 419

27/5: Ane S. H. 936 72 392

3/6: Åsbjørg H. 971 77 684

10/6: Gunhild B. 915 19 521

17/6: Anlaug S. 992 48 419