Avlyste arrangement

Vi i Kviteseid Misjonskyrkje vil vere lojale mot tilrådingane frå Helsedirektoratet. Vi avlyser derfor alle arrangement inntil vidare. Men sjølv om til og med bønemøta blir sett på vent, vil vi ikkje slutte å be! Vi kan ha fellesskap med Gud og med kvarandre ved å vere i bøn kvar på vår stad. Vi treng det. Verda vår treng det.

Levande tru-seminar

Kviteseid Misjonskyrkje inviterer til seminar for alle som er opptatt av at neste generasjon skal utvikle ei levande tru på Jesus!

Sundag 2. februar kl 13.00 på Kviteseid Misjonshus

Seminaret passar for foreldre, besteforeldre og andre som er i kontakt med born og unge, og for alle som er engasjert i menighetsarbeid. Undervisninga blir ved Linda Andernach Johannesen. Ho er «levande-tro-konsulent» i Misjonskirken Norge, og har mellom anna skrive ei viktig bok med tittelen: «Hver tid teller. Når kirken utruster til slitesterk hverdagstro hos barn og unge.»

Matservering i etterkant av seminaret.

Felleskyrkjeleg familiemøte

same dag og stad kl 16.00.

Linda Andernach Johannesen deltek også på dette.

Velkomen!

Årsmøte 09. februar kl 1700 på Betel

Velkomen til årsmøte i Kviteseid Misjonskyrkje! Det vert vanlege årsmøtesaker som gjennomgang av årsmelding og regnskap, samt val av nye styremedlem. Det vert høve til å tenkje høgt kring arbeidet i kyrkja vår og vegen vidare. Styret ynskjer at flest mogleg møter opp! Alle er velkomne til kome og seie kva dei meiner, men du må vere medlem for å røyste. Enkel servering med kake og kaffe.