Bøn for Kviteseid
Me lever i ei tid prega av store samfunnsmessige utfordringar. Den verda vi lever i er full av skjønnhet og kjærleik, men manglar heller ikkje på urettferdighet og vondskap i stor skala. Kva kan me som einskildpersonar stille opp mot krig, miljøkatastrofer og flyktningekriser? Og kvifor be for lille Kviteseid oppi alt dette som går si skeive gang? Har ikkje Gud nok å tenkje på?
Me som inviterer til Bøn for Kviteseid trur på ein Gud som elskar kvart einaste menneske, både den flyktande Syraren, familien som mista heile heimen sin i flaum i India, og Kviteseidingen som opplever vanskelege relasjonar i familien.
Me ynskjer å invitere Gud inn i våre liv og inn i vårt lokalsamfunn, for me trur at folk både i Kviteseid og i Iran treng hjelp frå Gud. Me øydelegg for andre, ofte utan at me eigentleg vil det, og me kan oppleve å vere offer. Alle kjenne vi stundom på hjelpeløyse. Alle treng me Guds nåde.
Bli med oss og be om Guds nåde, frelse og frihet over bygda vår! Om du ikkje kan eller vil vere med, men treng nokon som ber for din situasjon, ta kontakt med Ane Holm på telefon 93672392.
Hausten 2019
Sjå her.
Hausten 2019
Dersom du bytter eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
Tema for hausten: Å Jesus åpne du mitt øye, så jeg kan se hvor rik jeg er Supersang: Herren din Gud er hos deg, en helt som har makt til å frelse
25. 08 |
TEMA: Å sjå seg sjølv med Jesu auge |
Vaksentale: Jan Danielsen Barneandakt: |
Leie: Ane Mat: Signe Marie og Anlaug Leik (og barnepass): Fosse Teknikk: Sofie og Agnes Marie Musikk: Ane m fl. |
08. 09
|
TEMA: Å sjå andre med Jesu auge |
Fellestale: Øyvind Slåtta Miljøvenleg basar / amerikansk auksjon |
Leie: Øystein Kvamme. Mat: Ellen og Gunhild Leik: Kvamme Teknikk: Hægeland Musikk: Ane |
22. 09 |
TEMA: Fridom |
Vaksentale: Janna Nordgaard Barneandakt: Åsbjørg |
Leie: Sigrun Kvamme Mat: Mari og Anders Leik og barnepass: Rannestad Teknikk: Hægeland Sanginnslag: Irene Elisabeth Musikk: Sigrun Kvamme |
20. 10 |
TEMA: Von i med- og motgang, og for æva |
KREATIV KVELD 20 minutt samling felles. Deretter samtale oppe og kreativt nede. |
Leie: Åsbjørg oppstarten. Sigrun leier samtalen oppe Mat: Signe Marie og Gunhild |
25.-27. 10 |
ANSGARHELG |
25. Konsert på Kvitsund med Ansgarkoret 26. Lovsangskveld på Betel med lovsangsgruppe frå Ansgar (Eventuelt tema: kvile hos Gud) 27. Lovsangsgruppe frå Ansgar deltek på 0-100. |
Leie: Sigrun Leie laurdag: Øystein |
03. 11 |
TEMA: Tilgjeving og forsoning |
Barneandakt: Ane Vitnemøte i staden for vaksentale |
Leie: Andreas S. Holm Gunhild leier vitnemøtet Mat: Tone og Anlaug Leik (og barnepass): Engeland Teknikk: Holm Musikk: Gunvor |
17. 11 |
TEMA: Bønerett |
Vaksentale: Møyrid Lunde Bønnevandring med nattverd i staden for barneandakt. Kviteseid Soul Children deltek |
Leie: Ane Bønnevandring: Marie og Agnes Marie Mat: Ann Christin og Nils Arne Leik (og barnepass): Grutle Teknikk: Grutle Musikk: Olav |
15. 12 |
Julemøte kl 11.00 |
Gunstein Draugedalen og Sven Øverland |
Leie: Sigrun L.S. Mat: Gunhild og Anlaug Teknikk: Grutle Musikk: |
Gi Jesus videre – hele uka
22. -24. november 2019 arrangeres en felleskristen konferanse i Kristiansand: «Gi Jesus videre – hele uka». Vi i Kviteseid Misjonskyrkje ynksjer at så mange som mogleg skal få vere med på denne konferansen! Derfor sponsar Betel halve konferanseavgifta. Les meir på www.gijesusvidere.no/
Frå nettsida: «Gi Jesus videre er en konferanse for deg som bryr deg om at de som vokser opp i dag får en tro på Jesus som vil vare livet ut. Om du er frivillig i en menighet eller ansatt; om du har ansvar for de yngste barna eller menighetens eldste; om du har barn eller ikke: Vi vil utruste deg til å snakke med barn og unge om tro, slik at troen blir varig. «