Diverse referat mm.

Styret kan informere om at det i styremøtet 21. mars blei vedtatt å starte ein prosess for ei tilsetting av Åsbjørg Hægeland i ein 20% trusopplærarfunksjon frå 1/8-18 til 31/7-19 med hovudfokus på TenTro-opplæring. Styret arbeider vidare for å få på plass formalitetane som må til slik at ei formell tilsetting kan bli vedtatt i styremøtet 30/5. Prosessen er godt i gang!

 

Innkalling til årsmøte sundag 4/2 kl. 16

Det blir årsmøte sundag 4/2 kl. 16. Heile familien kan møte, for det blir bornepass oppe medan dei vaksne har årsmøtet nede. Vi startar med pizza for alle. Det blir også kaffi og kake.

Saksliste:

  1. Opning ved Sigrun
  2. Val av referent og protokollunderskrivarar
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Val til styret (kandidatar er kontakta på førehand) og valkomité og orientering om andre funksjonar i kyrkja
  6. Kollekten på sundagstreffa
  7. Drøfting om evt. tilsetting av trusopplærar som kan ha ansvar for TenTro og koordinering av sundagstreffa
  8. Samtale om arbeidet og møteverksemda
  9. Eventuel

Eventuelle saker kan meldast til Oddvar innan fredag 2/2.

Velkomen!
Skriv gjerne i kommentarfeltet om du kjem!