Kategoriarkiv: Innlegg

God sommar!

Då nærmer det seg sommar og ferietid. Vi ynskjer alle betelnettlesare ein god og sommar! Om du har lyst anbefaler vi Nisssedal bibelcamping eller liv&vekst i sommar. Men hald av helga 24.-25. september! Då blir det menighetshelg på Fjone, denne gongen uten parallell speidarleir. Men speidarar med foreldre og alle andre er sjølvsagt hjarteleg velkomne til denne naturskjønne plassen ved Nisser med rike mogelegheitar for fysiske gleder og utfordringar for både små og store.

God påske!

Teikninga til høgre er ei påminning om kva namnet Betel kjem i frå. Jakob var redd, og var på flukt, og fekk møte Gud i ein spesiell draum. Etterpå måtte han bryte ut: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!». Derfor kalte han plassen der han sov for Betel, som tyder Guds hus (Les meir i 1. Mos 28). Mi bøn for denne påska er at vi må erkjenne og forstå meir av Guds nærvær midt i vår verden. God påske til alle!