Styremøte, 10.mai 2012 på Betel

Desse møtte : Anlaug, Anders, Aslaug og Øystein

Aslaug innleia med nokre ord frå Markus. Referatet frå forrige styremøte vart godkjennt. Fyrste del av dugnaden inne er snart ferdig. Folk har vore flinke og resultatet er veldig bra ! Plantekomiteen er i sving og det vert kjøpt inn buskar ein av dei fyrste dagane. Etterpå fylgjer det ein dugnad for å få dei i jorda. Eit par «rasteplassar» må på plass og ei sandkasse. Me har snakka om eit menighetsmøte i vår, men det vert utsett til tidleg haust i staden. 17. juni skal me ha sommaravsluttning. Kvar me skal vera er ikkje avgjordt enda. Me er spurt om å vera med på «alfa-kurs» saman med Fredheim frå hausten. Diverre har me ikkje kapasitet til dette nå, men håpar å koma sterkare tilbake. Fredagssamlingane treng og nye leierar frå oss. Me snakka ein del om kva for planar me har fram mot 2020. Me vil satse på UNG`s «Levende tro» og menighetsvekst/utvikling. Til dette vil me nytte oss av menighetsrettleiaren vår og Misjonsforbundet sentralt. Der er det mykje god hjelp å få. Før søndagstreffa tek til att i haust, vil me kjøpe inn ein stor flatskjerm til bruk for ungane/ungdomane våre. Anders og Øystein tek seg av dette. Me sette opp datoar for sundagstreffa fram til jol. Innsamling av klede vert 7. juni og neste styremøte vert 6. juni !

Påske 2012

Palmesøndag er det den tradisjonelle påskefrokosten på Betel.

Knut Ove Lofstad som er elev ved Ansgarskolen vil halde andakt for oss.

2.påskedag er det påskemøte med nattverd. Det blir tale av

Jan A.Danielsen.

Alle er hjarteleg velkomne til desse samlingane på Betel i påska!