God påske!

Teikninga til høgre er ei påminning om kva namnet Betel kjem i frå. Jakob var redd, og var på flukt, og fekk møte Gud i ein spesiell draum. Etterpå måtte han bryte ut: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!». Derfor kalte han plassen der han sov for Betel, som tyder Guds hus (Les meir i 1. Mos 28). Mi bøn for denne påska er at vi må erkjenne og forstå meir av Guds nærvær midt i vår verden. God påske til alle!

Gravemaskinene kommer!

Om alt går i orden, blir det gravd ut til det nye uteområdet på Betel veka etter påske! I den anledning vil vi på nytt utfordre til å gje eit bidrag til dette arbeidet på kontonummer 2801.23.11879. Etter noko fravær er innsamlingsmålaren i høgre marg tilbake på plass, og syner kor langt vi er unna innsamlingsmålet på 150 000 kr, som alt utearbeidet venteleg vi koste. Investering i dette arbeidet gjer ikkje mykje profitt i kroner, men blir garantert eit løft for lokalet vårt! Ynskjer du i tillegg å påvirke korleis resultatet vil sjå ut, møt opp på menighetsmøtet 1. mai!