Tradisjonen tro vert det fellesmøter i bygjinga av mars. Talar er Leiv Holstad, som har ei unik livserfaring å dele frå. Les meir på leivholstad.no, og inviter ein ven!
Referat fra styremøte 09.02.2011
Disse møtte:
Øystein Kvamme, Anders Songe, Olav Holm, Sigrid Lofstad og Kristin Brekke Moore.
Påminning om innsamling til Vegårtun
Før jol lyste vi ut ei innsamling til det nye internatet på Vegårtun, misjonsforbundet sitt leirsted. Målet var å nå 15 000,- frå Kviteseid misjonsmenighet, som kvalifiserer til at menigheten får eit eige rom oppkalt etter seg. Ved årsmøtet var det kommet inn 4 000,-. Vi gjev ikkje opp målet, og sender med dette ut ei påminning. Har du glemt å gje, eller vil du gje ei ekstra gåve?
Gåver til Vegårtun settes inn på menigheten sin konto 2660.20.17450, men merkes med «Gåve til Vegårtun». Med til dømes 500 kroner frå kvart medlem er vi godt i mål.
Hjelp til sjølvhjelp på betelnett
Jo fleir som er i stand til å legjje ut og redigere stoff direkte på betelnett si innside, jo bedre er det. Eg har derfor lagt ut «Veiledning for betelnett» under betelressurser. Dette er meint å vere ei «oppskrift» som skal senke terskelen for å våge seg på innsida for dei som ikkje er der så ofte. Skriv ho ut, heng ho opp og bruk ho, så tar eg imot tips og tilbakemeldingar med takk.
Har du ikkje brukar på betelnett? Registrer deg på innloggingssida eller ta kontakt med meg!