Tilstades var: Sverre Solvang, Morten Bech, Olav Holm, Ove og Sigrid Lofstad.
Sundagstreff med ei aning blått
Fyrstkommande sundag får menigheten besøk av «bluespastor» Jon Ultvedt. Tema for dagen er «den rike bonden», så møtet kan tenkast å få ein noko blå farge i mer enn ein forstand. Meir om vårens møte på Betel finn du på møtelista som no er lagt ut. Skriv ut og spre den, med anbefaling, til kolleger, vener og kjente!
Innkalling til årsmøte i Kviteseid misjonsmenighet
Velkommen til årsmøte sundag 16. januar! Møtet byrjar med pizza i kjellaren kl 16, etterfulgt av årsmøte i salen medan borna får leike i kjellaren.
Vanlege årsmøtesaker
Status for innsamlinga til Vegårtun
Ver med i bøn for valet og møtet!
Våren 2011
Dersom du bytter eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
God jol og godt nytt år!
Kviteseid misjonsmenighet ynskjer alle ein god jol og eit godt nytt år! Vi retter og ein varm takk til dei mange som har gjort friviljug innsats for menigheten i året som har gått.
Alle er velkomne på menighetens jolefest 4. joledag kl 18.
Det folket som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i skuggelandet, skal ljoset stråla. Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg i kornskurden, som ein jublar når hærfang vert utskift. For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund som på Midjans dag. Ja, kvar støvel som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde for elden. For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.
Jes 9, 2-6