Tilstades var: Sverre Solvang, Morten Bech, Olav Holm, Ove og Sigrid Lofstad.
Olav innleda med å lesa frå Joh.1.
1. Det var ingen kommentarar til referat frå forige styremøte.
2. Fellesmøte. Det er i år Betel som har ansvar for lokale til fellesmøta. Vi vurdera om Sundvang var aktuelt, eller om vi skulle leige Misjonshuset som tidlegare. Argumentet for Sundvang var at då ville kanskje fleire «møtefremmede» koma. Vi konkludera ikkje, men vil drøfte det med menigheten på årsmøte. Ellers så foreslo Olav at det var faste forsangarar under fellesmøta. Vi meinte og at det måtte vera aktuelt å ha ungdomsmøte på laurdags kvelden.
3. Menighetens årsmøte er 16. januar. Vi startar kl. 16 og har felles måltid. 5 personar har med pizza. Det blir årsrapport frå menigheten og dei forskjellige undergruppene: Passpåklubben, Speidar, Fredagsklubben.
4. 6.februar kl. 19 blir det lovsangsmøte. Olav og Sverre står for musikken sammen med Ane på fløyte og evt. Nils på munnspel. Så håpar vi at Renate, Victoria og Gunvor kan vera forsangarar. Morten tek ansvar for å finne møteleiar.
5. Onsdag 19. januar er det felles bønnemøte på Betel. Olav sørger for musikken, men vi manglar møteleiar.
6. Informasjon/meldingar: Det er nå underskrive avtale om bruk av «Passpåskogen» mellom grunneigar og Kviteseid Misjonsmenighet. Avtala skal reforhandlast kvart 3. år.
Vi har nå fått ny logo. Den blir å finne i Vest-Telemark Blad og etter kvart vil vi få nye plakater. Denne logoen har ikkje med navnet Betel, det blir bare Kviteseid Misjonsmenighet. Nettadressa: betelnett.no håpar vi gjer at folk som er i tvil forstår at det er «gamle» Betel.
I november 2010 skulle vi telle møtebesøk. Gjennomsnitten blei 47 personar pr.møte.
11-12. februar 2011 er det ledarkonferanse i Oslo. Sigrun og Olav reiser, kanskje fleir?
Referent: Sigrid Tufte Lofstad