Referat frå Årsmøte 16. januar 2011.

Vi starta som vanleg med pizza for heile familien. Deretter gjekk dei vaksne opp og hadde årsmøte medan barna leika i kjellaren.  Det var 13 vaksne medlemar på årsmøtet.

1. Innleiing v/Ola Holm frå 2.kor.4:6- 7.

2. Årsmelding 2010 v/Olav Holm. Det var ingen kommentarar til årsmeldinga bortsett frå at den var grundig. Den viste at 2010 hadde vore eit aktivt år for menigheten.

3. Rekneskap v/Ove Solvang.

Det kom tre forslag som er knytta til økonomien:

a) Gje pengar til nytt misjonsprosjekt i Romania, b)oppfordre til fast givertjenest,c)sende takkebrev til dei faste givarane. Det siste vil Ove som kasserar ta seg av.

4. Rappport frå underavdelingane:

– Speidar v/Aslaug

– Passpåklubben v/Anlaug.

– Fredagssamling v/Sigrun.

5. Byggeprosessen v/Ove Solvang.

Alle papira i forbindelse med ny parkeringsplass er nå i orden. Eikland startar med jobben så snart det blir vår.

6. Vegårtun.  Innsamlinga går tregt. Vi har kr. 4000,-, men må ha kr.15000,- for å få eit eige rom som heitter Kviteseid.

7. VALG:   Morten Bech og Knut Ove Lofstad gjekk ut av styret. Nye styremedlem er Øystein Kvamme og Anders Songe.

Styret har då desse representantane: Olav Holm(leiar), Sigrid Lofstad, Kristin Brekke Moore, Øystein Kvamme, Anders Songe.

Vararepresentantar: Mari Songe, Sverre Solvang.

Valnemd: Aslaug Tormodsvik, Ove Lofstad.

Revisor: Aslaug Tormodsvik.

8. Ordet fritt.

a) DNM har leiarkonferanse i Oslo 11. – 12. februar. Fint hvis fleire reiser på den.

b) Fellesmøta blir 10.-13. mars. Betel har ansvar for lokalet.

c) Den nye logoen blei godkjendt av årsmøtet. Vi vil også lage plakater som gjev oversikt for 1 mnd. om gongen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *