Innsamlingsaksjon for nytt internat på Vegårtun!

Vegårtun er misjonsforbundet sitt leirsted, som ligg naturskjønt til på Vegårshei. Menigheten vår er medeier i leirstedet saman med mange andre misjonsforbundsmenigheter på sør- og austlandet. For tida bygges det nye internat, eit heilt nødvendig tiltak for å halde leirstaden i god stand. I samband med dette lyser vi ut ei ekstraordinær innsamling til dette i menigheten vår. Målet er å nå 15 000,- frå Kviteseid misjonsmenighet, som kvalifiserer til at menigheten får eit eige rom oppkalt etter seg 🙂

Gåver til Vegårtun settes inn på menighetens konto 2660.20.17450, men merkes med «Gåve til Vegårtun». Med til dømes 500 kroner frå kvart medlem er vi godt i mål.

Diakonirådet

Medlemar av diakonirådet besøker eldre og sjuke i menigheten.
Ved åremålsdagar besøker dei jubilantane med ei helsing frå menigheten.
Dei vil koma med ei blomsterhelsing til dei eldre i menigheten i forbindelse med jolehelga.

Har du behov for samtale, forbønn eller sjelesorg så ta kontakt med
Sigrid Tufte Lofstad, e-post: situlo@live.no , telefon: 97689406.