Alle som går i 2. klasse eller er eldre enn det er velkomne. Fyrste møte tirsdag 05. oktober kl 1730 på Passpåhamni. Ta med kniv, kopp, varme klede, lykt og speidarskjerf om du har. Dersom du vil vere med, men ikkje kan kome fyrste gongen kan du kontakte ein av leiarane. Før har 1. klassingar òg fått vere med, og det kan dei framleis dersom ein av foreldra kan vere med som hjelpeleiar.
Speidartur til Bukkøy-referat
Me var 12 born, 3 ledarar og ein hund på turen. Det var veldig gøy. Det var god stemning og nydeleg vèr nesten heile tida.
Laurdag:
Då me kom var det fyst mat. Så fann me ut kor me skulle sove. Etterpå var det aktivitetar. Imellom dei var det middag. Når det begynte å bli kveld gjekk me til det høgaste punktet på bukkøy. Så var det leirbål. Etter det skulle me eigentleg spele stratego, men dei minste var så trøytte at me gjekk og la oss.
Sundag:
Neste dag rydda me og bada mykje. Så drog me. Det var 15 gradar i vatnet på Laurdag og 16 gradar på sundag. Her er nokon bilete frå turen:
Referat fra styremøte 13 september 2010
Til stede på møte var: Olav Holm, Sigrid Lofstad, Morten Beck, Sverre
Solvang og Kristin Brekke Moore.
Fyrste husfellesskap på sundag!
Fyrste husfellesskapsmøte i menigheten blir på søndag kl 1930 hos Kristin og Hame! Dersom du har meldt interesse, skal du ha fått ein epost om dette. Om du er interessert men ikkje har meldt deg på eller mottatt epost, er det berre å ta kontakt med ein i styret.
Møteplan og ansvarsliste for sundagstreff
No er møteplan for hausten og ansvarsliste for sundagstreff lagt ut! Du finn dei i høgre spalte. Del ut møtelista til kjende og ukjende!