Speidartur til Bukkøy-referat

Me var 12 born, 3 ledarar og ein hund på turen. Det var veldig gøy. Det var god stemning og nydeleg vèr nesten heile tida.

Laurdag:

Då me kom var det fyst mat. Så fann me ut kor me skulle sove. Etterpå var det aktivitetar. Imellom dei var det middag. Når det begynte å bli kveld gjekk me til det høgaste punktet på bukkøy. Så var det leirbål. Etter det skulle me eigentleg spele stratego, men dei minste var så trøytte at me gjekk og la oss.

Sundag:

Neste dag rydda me og bada mykje. Så drog me. Det var 15 gradar i vatnet på Laurdag og 16 gradar på sundag. Her er nokon bilete frå turen: