Alle innlegg av Sverre Solvang

Felles joletrefest på sundvang

Kva: Tradisjonell joletrefest for heile bygda og tilreisande jolegjester

Dato: 3.joledag (27.des.)

Tid: kl.17.00

Sted: Kulturhuset Sundvang i Kviteseid

Program: Jolesong, danseinnslag, leik, andakt av Rolf Inge Johannesen, song av Hilde Svela m/fam., bevertning, gang rundt joletreet og kanskje kommer nissen!!!

Denne festen er verdt eit besøk 

Arr. Betel, Fredheim og Sundvang

Velkommen

Styremedlem?? EG????

På årsmøtet i januar 2014 ynskjer me å få til eit nytt styre  for menigheten. I år har me prøva ut ei alternativ ordning utan ordinært styre og leiar. Det har  menighetsmøte i samarbeid med menighetsrådgjevar Geir Johannesen kome til ikkje er ei ordning me ynskjer å videreføre. Ein ser det som viktig for menighetens videre arbeid at ein får på plass eit styre med ein ansvarleg styreleiar.

Me oppfordrar alle medlemmar/potensielle medlemmar om å leggje fram denne saka i BØNN framover.

Menigheten treng  folk med ulike evner og nådegåver  inn i styret. Har de forslag på kandidatar til styret  er det fint viss de gjev beskjed til valgkomiteen, som består av Sverre Solvang og Ove Lofstad. Spesielt ynskjer ein forslag på nokon som de meinar kan ta på seg oppgåva som styreleiar.

Viss de etter å ha lest dette innlegget kjenner at dette er oppgåver de har lyst til, så ta kontakt med valgkomiteen. Det hadde vore bra viss ein hadde ein kandidat til styreleiarvervet  på plass i god tid før årsmøtet.

Velkommen til eit nytt haustsemester på Betel

Etter ein flott sommar med mykje fint sommarvær er me igjen klare til å samlast i menighetsfelleskapet igjen. Det håpar me små og store ser fram til:)

Helsar dykk med litt av dagens tekst frå Joh.15.13-17

«De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre! «

Fyrste samling vert Sundagstreff 25. august kl.17.oo.

Vær frimodig og be med ein venn eller to…..