Styremedlem?? EG????

På årsmøtet i januar 2014 ynskjer me å få til eit nytt styre  for menigheten. I år har me prøva ut ei alternativ ordning utan ordinært styre og leiar. Det har  menighetsmøte i samarbeid med menighetsrådgjevar Geir Johannesen kome til ikkje er ei ordning me ynskjer å videreføre. Ein ser det som viktig for menighetens videre arbeid at ein får på plass eit styre med ein ansvarleg styreleiar.

Me oppfordrar alle medlemmar/potensielle medlemmar om å leggje fram denne saka i BØNN framover.

Menigheten treng  folk med ulike evner og nådegåver  inn i styret. Har de forslag på kandidatar til styret  er det fint viss de gjev beskjed til valgkomiteen, som består av Sverre Solvang og Ove Lofstad. Spesielt ynskjer ein forslag på nokon som de meinar kan ta på seg oppgåva som styreleiar.

Viss de etter å ha lest dette innlegget kjenner at dette er oppgåver de har lyst til, så ta kontakt med valgkomiteen. Det hadde vore bra viss ein hadde ein kandidat til styreleiarvervet  på plass i god tid før årsmøtet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *