Åtte av medlemene møtte og Sigrid leia møtet. Ho innleia med nokre bibelvers frå Jacob, 2. kap. v.1 – 9.
Sak 1 Oppussing av huset. Nå er jobben snart ferdig ! Det står att bl.a. noko arbeid på det nye kjøkkenet, samt rørleggararbeid. Det gamle kjøkkenet skal pussast opp og brukast til eit grupperom med tanke på ungar. Det kan og bli ein grei plass å ha bønnemøte. Me har tenkt å flyta inn salongen, bohyller og fjernsynet. Slik får me meir plass i kjellarstoga. «Veslesalen «, dvs. den gamle stoga i leiligheten, kan og brukas til forskjellige ting. Der er det sett opp eit stort TV på veggen, med tanke på ungdomane våre. Me har og fått på plass eit nytt fint skilt på veggen ute.Utgiftene så langt har kome på ca. 150 tusen. Dei utgiftene som står att er til rørlegar og el. materiell. Nye stolar er på plass ! Dei 86 stolane kom på ca. 84 tusen, inkl. frakt. Ove S. foreslo at me tok nokre bilde av oppussinga og la ut på Betelnett.no. Sverre skriv og litt om menigheten der. Ekstraordinere nedbetalingar på lånet, vert drøfta på årsmøte !
Sak 2 Nytt styre.
I 2013 var det umogeleg å få til eit vanleg styre, så heldigvis tok Gunhild B. på seg å vera kontaktperson. Ho har med seg Olav og Øystein. Men, kva er grunnen til at me strevar slik med å få folk til å vera med i leiinga ? Kan det vera mangel på «visjonære framtidstankar » eller at alle har nok frå før ? Me håpar at det ordnar seg i 2014 !
Sak 3 Fellesmøtekomiteen.
Aslaug, som er vår rep. i komiteen, snakka litt om deira planer for 2014. 21. januar vert det felles bønnemøte på Betel og 24.jan. familiemøte på Misjonshuset. Sjølve fellesmøta vert bare tre kveldar i mars, fredag, laurdag og sundag. Datoar er ikkje fastsett. Felles sangmøte vert i september og i november er det planlagt ein temakveld.
Sak 4 Felles joletrefest på Sundvang, håpar me at det vert i år og. Olav og Sigrun tek seg av dette.
Sak 5 Åsbjørg trekker seg frå sundagstreff komiteen. Der må det inn ein ny person. Tone og Anlaug er medlemmer nå.
Sak 6 Bønnemøta er dårleg besøkte, der skulle me gjerne sett at det kom fleire. Dei er kvar onsdag kl. halv ni !