Kategoriarkiv: Innlegg

ÅRSMØTE 13. februar kl 17.00

Velkommen til møte og årsmøte sundag 13. februar kl 17.00.

I år er vi så heldige å få besøk av Anne Margrethe Mandt-Anfindsen, vår menighetsrådgjevar frå Misjonskirken Norge. Samlinga kl 17 startar med at Anne Margrethe har ein andakt for oss. Deretter går vi over til sjølv årsmøtet. Under er saksliste for årsmøtet, samt lenke til forslag til årsmelding. Det blir også mat å få i løpet av samlinga. Hjarteleg velkomen!

Til orientering skal også styret ha ein lengre samtale med Anne Margrethe frå kl 12 denne sundagen. Dette gler vi oss til!

Saksliste årsmøte sundag 13. februar 2022 kl 17.00

1. Innleiing

2. Godkjenning av innkalling og val av referent og protokollunderskrivarar

3. Årsmelding og orienteringar frå Speidaren og Strikkekafeen

4. Rekneskap

5. Val til styret

Følgande personar er ikkje på val:

Åsbjørg Hægeland og Sigrun Lønning Solvang (Faste medlemmar i styret.)

Nils Arne Grutle (1. vara)

Følgande personar har takka ja til gjenval:

Ane Spikkeland Holm. (Faste medlemmar i styret.)

Tone Fosse (2. vara)

6. Val av valkomite og andre funksjoner

7. Samtale om arbeidet

8. Skal vi pusse opp salen i kjellaren dette året?

9. Eventuelt

Jolemøtet ER AVLYST

Se kildebildet

Det planlagte jolemøtet 19. desember blir dessverre avlyst. Vi ønsker å bruke dette høvet til å ønske dykk alle ei velsigna god jul! Høgtida vår er ikkje avlyst! Her er nokre viktige setningar frå informasjon sendt ut av Misjonskyrkja sentralt:

«Denne jula blir ikke tiden for de store samlingene. (..) Da er det godt å vite at Han som kom i jula, har lovet å være midt iblant oss, når vi er samlet i Hans navn. (Matt 18,20)

Vi oppmuntrer menighetene til «å sette jula i diakoniens tegn» og tenke gjennom hvem man kan skape en bedre jul for.»

I en natt så klar og kald av en ung og tapper mor
I en krybbe i en stall fødtes håpet til vår jord
Så umerkelig så stille
Byens gater helt forlatt
Ingen opptog for den lille
Lyset kom en vinternatt

Gjeterne satt rundt sin grue, skremtes opp av lys og lyd
Himmelen sto i veldig lue, engler sang om fred med fryd
Ikke frykt, vær ikke redde
Gud har kommet til vår jord
Nå i natt var det det skjedde
Gå til barnet og hans mor

I det stille til de små
Bringer Jesus håp om fred
Og han kommer da som nå
Fra himlen til oss ned
Julenattvmed lys og glede
Minner oss om Gud som kom
Evig er han her tilstede
Nå står grav og krybbe tom.

(Tekst: Bjørn Eidsvåg)

Sang- og Adventsmøte

28. november er det 1. sundag i advent, og vi inviterer til sangmøte på Betel kl 18.00. Her syng vi oss gjennom gamle og nye sanger som handlar om advent og jul. «Husorkesteret» vårt stiller med musikken, og vi er alle invitert til å sende inn våre ønskesangar på førehand. Flott om nokon også har lyst å formidle kvifor dei har eit forhold til akkurat sin sang! Send sangønske til Oddvar på førehand; nr 472 70 258. Hjarteleg velkomen! Ta gjerne med ein ven!

Sundagstreff om bilete som talar

Sundag 24. oktober kl 18.00 blir det eit litt annleis sundagstreff på Betel. Vi har vore så heldige å få eit vakkert, stort maleri i gåve av Reidar Kobræk. På sundag vil vi høyre historia bak dette maleriet. I tillegg vil vi fortelje om andre bilete/utsmykkingar som heng ulike stader på Betel. Dersom du har eigne personlege forteljingar knytt til noko av dette, vil du også få høve til å dele dette. Det blir ellers song og leik og kollekt, og fellesskap rundt eit måltid mat etterpå. Hjarteleg velkomen!