Kategoriarkiv: Innlegg

Tur til korstoppen

Velkommen til oppstartssamling i Kviteseid Misjonskyrkje sundag 29. august. Vi møtes på parkeringsplassen til skytebanen bak Spjotsodd kl 13.00. (Raud nål på kartet.) Så går vi saman opp til «Korstoppen». Turen er ikkje krevjande. Du kan gå på joggesko eller tursko. Ta med det du treng av mat og drikke. Enkelt opplegg på toppen, samt god tid til prat. Velkommen!

Sommaravslutning

Sundag 13. juni kl 13.00 samlast vi til godt felleskap og avslutning før sommaren. Vi har ein møtedel i hagen på Betel. Her blir det andakt ved Åsbjørg. Tema er «Jesus for alle». Etterpå koser vi oss saman med mat og prat og leik. Alle tek med mat til seg sjølv. (Ta med mat som ikkje treng å varmast…) Betel stiller med kaffi og is til dessert. Etter at samlinga i hagen er slutt, kan dei som vil bli med opp til Uddaråsen. Då køyrer vi saman til Lundevall gard og parkerer i nærleiken av denne. Turen opp tek i underkant av ein time. Ta på gode sko. Fin utsikt på toppen. Alle velkomen!