Sommaravslutning

Sundag 13. juni kl 13.00 samlast vi til godt felleskap og avslutning før sommaren. Vi har ein møtedel i hagen på Betel. Her blir det andakt ved Åsbjørg. Tema er «Jesus for alle». Etterpå koser vi oss saman med mat og prat og leik. Alle tek med mat til seg sjølv. (Ta med mat som ikkje treng å varmast…) Betel stiller med kaffi og is til dessert. Etter at samlinga i hagen er slutt, kan dei som vil bli med opp til Uddaråsen. Då køyrer vi saman til Lundevall gard og parkerer i nærleiken av denne. Turen opp tek i underkant av ein time. Ta på gode sko. Fin utsikt på toppen. Alle velkomen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *