Kategoriarkiv: Møter og arrangement
Innkalling til menighetsmøte på Betel sundag 30. august kl. 1700
Sundag 30. august kl. 1700 inviterer vi til eit ope menighetsmøte på Betel.
Er du engasjert på Betel?
Vurderer du å bli det?
Eller er du berre nysgjerrig på kva Betel er?
Uansett er du hjartleg velkomen til ei inspirerande og hyggeleg samling på Betel. Vi startar samlinga med å ete pizza saman. Dette er for store og små. Medan sjølve møtet foregår, kan ungane leike nede eller ute.
På møtet blir det ei innleiing om engasjement, identitet og tilhøyrsle ved Oddvar før vi går i gong med samtalar i grupper og i plenum. Det er ingen store saker som skal opp til votering, men det er eit viktig møte med tanke på visjonar, strategiar og vurderingar av arbeidet på Betel. Dette er også eit høve for styret til å presentere haustprogrammet og orientere om arbeidet vårt.
Sommarsamling på laurdag 13.juni kl.16.00
Kvar: Utanfor Betel
Tid: 13.juni kl. 16.00
Program: Grilling, andakt v/Janna N., aktivitetar v/fam. Fosse og sjølvsagt godt felleskap på tvers av alder.
Ta med: Grillmat m/tilbehør og drikke
Me ordnar: Bord, stolar, varm grill, kaffe og kake
Fint viss de parkerar på Sundvang slik at me kan bruke parkeringsplassen til aktivitetar.
PS! Viss regn vert samlinga inne på Betel. Ta med pølser/brød/lomper så varmar me pølser for heile gjengen.
Velkommen til ei trivleg samling for store og små, unge og gamle, kjente og mindre kjente:)
Innsamling av klede til Ukraina/Moldova 25.juni kl.17.00
På tide å rydde i skuffar og skap??
Menighetens årlege innsamling av klede går til Ukraina/Moldova. De kan levere inn kleder pakka i søppelsekkar på Betel 25.juni frå kl.17.00. Kleda må vera heile og reine. Alle må betale inn 50 kr pr. sekk ved levering. Det er det menigheten må betale i fraktpengar pr. sekk.
For nærare info. kontakt Aslaug Tormodsvik tlf. 99361723
Hugs godhetsveka 4-10. mai!
Hugs godhetsveka!
Kickoffsamling på Fredheim måndag 4. mai kl. 1700.Her blir det info om opplegget.
Gudsteneste i Bryggeparken sundag 10. mai kl. 1100.
Vi oppfordrer til godhet denne veka både organisert og uarganisert. Bak gjerne eit eller anna og gå rundt på dørene i bygda!
Sjekk meir på Facebook: