Innkalling til menighetsmøte på Betel sundag 30. august kl. 1700

Sundag 30. august kl. 1700 inviterer vi til eit ope menighetsmøte på Betel.img_5451

Er du engasjert på Betel?

Vurderer du å bli det?

Eller er du berre nysgjerrig på kva Betel er?

Uansett er du hjartleg velkomen til ei inspirerande og hyggeleg samling på Betel. Vi startar samlinga med å ete pizza saman. Dette er for store og små. Medan sjølve møtet foregår, kan ungane leike nede eller ute.

På møtet blir det ei innleiing om engasjement, identitet og tilhøyrsle ved Oddvar før vi går i gong med samtalar i grupper og i plenum. Det er ingen store saker som skal opp til votering, men det er eit viktig møte med tanke på visjonar, strategiar og vurderingar av arbeidet på Betel. Dette er også eit høve for styret til å presentere haustprogrammet og orientere om arbeidet vårt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *