Desse møtte: Anders Songe, Øystein Kvamme, Anlaug T. Solvang og Aslaug M. Tormodsvik.
1. Anlaug las frå ei andaktsbok og ba for møtet.
2. Anlaug var på møte i fellesmøtekomiteen, 19.jan. i staden for Aslaug.
Betel har ansvar for leiing av fellesmøta på Kvitsund. John Hardang talar.
Alt skulle nå vera i orden !
3. Det nye styret fordela oppgåvene slik :
Anlaug er kontaktperson. Ho set inn annonser, tek i mot post og set opp plakater.
Aslaug innkallar til styremøte, skriv saksliste og leiar møta. Ho legg og inn referat på Betelnett.no.
Anders og Øystein tek ansvar for praktiske ting med oppussing av lokalet og leiar arbeidet.
4. Me snakka ein del om denne saka og styret sette opp ei prioritert liste over kva me meiner er nødvendig
å gjera i fyrste omgang. Me tenker å pusse opp toaletta og det store vert for rullestolbrukerar og i tillegg
plass til stellebord. Kjøkkenet i leiligheten vert lagerrom.
Veggen inn til gang med trapp til 2. etg. skal rivast. Trappa skal ned, slik at det vert plass til garderobe.
Det vert sett opp takluke m/ stige til 2. høgda.
Pusse opp gang/ trapp ned til kjellaren.
Men, det fyrste som må gjerast er å få ned ALT som er i 2. høgda. Det vert ein eigen dugnad for dette, laurdag 4. februar.
Stoga vert som den er i fyrste omgang.
Det vert laga ei liste med datoar for dugnader utover vinteren, slik at folk kan melde seg på etter som det passar.
Til våren vert det sett inn ny ytterdør og rullestolrampe mot parkeringsplassen.
Nytt skilt med logo vert og sett opp.
Til våren vert det og planta og sett opp bord/benkar på vestsida av huset.
Me håpar at dette vert ein god løysing for oss i fyrste omgang !