Referat frå årsmøte 15. januar 2012.

Tilstades var 14 vaksne personar.

Vi starta som vanleg i kjellaren der vi åt pizza i lag med ungane. Då vi var gode og mette tok vi med oss kaffen opp i møtesalen og der hadde vi det ordinære årsmøtet.

Olav Holm innleia med 1.Kor.12.

1. Årsberetning.

Den blei lest opp av Olav Holm, men er skriven av Kristin Brekke Moore(sekretær).

Den viste at menigheten har ein høg aktivitet når ein tek størrelsen i betraktning.

Rekneskapen blei presantert av Ove Solvang(kasserar).

Den viste at når det gjeld faste trekk så er dei stabile, men kollektane har blitt mindre.

2. Rapport frå underavdelingane.

a) Passpåklubben v/Anlaug.

Tor Olav Aabø har hovedansvaret. Anlaug kjem med mat når dei er samla og elevar frå Kvitsund har andakt.

b) Fredagssamlingane v/Sverre.

Dette er eit samarbeid med Fredheim for ungdom frå 7. klasse. Fredheim(v/Tore Bentsen) har ansvar for rekneskapet.

c) Speidaren.

Anne Marthe Midtbøen Larsen rapporterte frå aktiviteten i haust med familiespeiding. Rekneskap blir ført av Aslaug.

d) Diakonirådet v/Gunhild.

2. Planar for arbeidet neste år.

Er det ein eller fleire aktivitetar der drifta opplevast vanskeleg?

Sundagstreffa krever at mange deltek. Målet er at dei same bare skal ha oppgåver ein gong i halvåret, men dette er eit veldig ambisiøst mål..     Det er vanskeleg med barneandakt. Kan vi oppfordre dei største barna når det gjeld barnepass? Kan vi skaffe talarar som  kan tale både til barn og vaksne? Kan det vera aktuelt med samarbeid med Fredheim om barn/familiearbeid?

Her var mange tankar og synspunkter.  Dette skal diskuterast på eit medlemsmøte i vår.

3. Vidare utvikling av Betel-eigedomen.

Årsmøtet går inn for styrets innstilling: «Det er ikkje lenger press på lokalet i samband med sundagstreff. Utbygging av lokalet leggast førebels på is. Våren 2012 arbeider vi vidare med inngangspartiet og toaletta, innafor eit budsjett på kr. 60 000,-

4. Valg.

Olav, Kristin og Sigrid går ut av styret.

Valnemda, Ove L. og Aslaug har hatt ei vanskeleg oppgåve, så det nye styret har bare 4 representantar:

Øystein Kvamme, Anders Songe, Anlaug Solvang(ny), Aslaug Tormodsvik(ny).

Vara: Mari Songe, Nils Arne Grutle, Olav Holm.

Valnemd: Sverre Solvang, Ove Lofstad.

6. Eventuelt.

Fellesmøtekomiteen må ha eit nytt medlem. Dette tek det nye styret seg av,

Forslag om å ha bønemøta på onsdagane kl. 20,30. Det kan då vera greiare for dei som har små barn å koma. Så vi vil prøve dette i vår.

Olav, Kristin og Sigrid blei takka for innsatsen i styret med kvar sin rosebukett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *