Ynskjer dykk alle ei velsigna påskehøgtid og helsar dykk alle med ein positiv stemningsrapport frå Kviteseid Misjonsmenighet, og sangen «Deg vere ære»
Då menigheten var samla til Sundagstreff 6.april var det medlemsopptaking av to barnefamiliar (9 stk. tilsaman). Dei vart ynskt varmt velkommen gjennom forbønn, og menigheten er veldig glad for at dei ynskjer å gå inn i Kviteseid Misjonsmenighet.
Tema denne sundagen var; Jesus vaskar læresveinane sine føter. Me fekk høyre om ein annleis frelsar som sette fokus på å tjene andre istadenfor å bli hylla sjølv, både i barneandakt v/ Ane S. Holm og tale av Jan Danielsen. Me vart minna om at den som ynskjer å fylgje Jesus må ha han som forbilde i høve til våre medmennesker. I tillegg vart det understreka at for å klare å setje våre medmennesker fyrst må me halde oss nær til Jesus og la han få vaske føtene våre jfr. Peter.
Store og små delte deretter nattverden saman, og på mange måtar kan ein seie at det vart eit heilagt møte mellom oss var tilstede og Gud.
Palmesundag var me samla 40-50 stk. til tradisjonell Påskefrukost på Betel. Der hadde dei flinke og trufaste damene; Anlaug, Aslaug og Gunnhild pynta fint og laga god frokost til oss alle. Det vart også plass til litt påskesongar og ein kort påskeandakt v/ Sigrid Loftstad.
God påske!
|