Innsamling av klær til Moldova på Betel 2.mai

Våren er tida for å rydde i klesskapet til stor og små, og ofte finn me klær me ikkje brukar meir, eller som nokon i familien har vokse ifrå. Viss de ynskjer at dei skal komme til nytte i Moldova  så er det berre å pakke reine og heile klær i sekkar og levere dei på Betel 2.mai. Det vil vere folk der å ta imot sekkane frå 16.30-19.00. Fint viss du tar med 50 kr pr.sekk til frakt, så slepp menigheten å betale for det.

Har du ikkje høve til å møte med sekkar på den oppsette tida kan du ta kontakt med Aslaug Tormodsvik på tlf.99361723.

Innsamlinga vert gjort i samarbeid med Agder og Telemarkaksjonen

På førehand; Takk:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *