Menighetsmøte, 30. mars 2014

Det var tretten som var samla til menighetsmøte, denne sundagskvelden. Gunhild leia møte og ho tok til med å lesa frå Klages., 2. kap.

Sak 1  Me skal taka opp nye medlemmer på fyrstkomande sundagstreff. Familiane Hægeland og Kvalbein går inn i menigheten.

Sak 2  Brev til alle medlemene er sendt ut, der me be om ei ekstra gåve til nedbetaling på lånet. Me treng og ekstra pengar dersom me skal tilseta ein person i deltidsstilling.

Sak 3  Det vart drøfta om menigheten var klar for pastor event. ein barne- og fam.arbeidar. Me er enige om at barne/ungdomsarbeidet er viktig, men at me og treng ein forkynnar. Kva skal me satse på ? Me må undersøke kva dette vil koste, og kva forpliktingar det gjev oss som menighet. Ein komite med Sigrid L., Oddvar H. og Sigrun L.S. jobbar videre med saka. Oppmodar medlemene til å leggje saka fram i bønn.

Sak.4 Me MÅ ha eit styre, i alle fall frå 2015. På siste årsmøte vart det ikkje valt nokon valkomite. Me valde nå Sigrid L. og Ane H. til det. Det er sjølvsagt viktig å ha alt på plass dersom me tilset nokon i ei stilling.

Sak 5  Ingrid Elise Draugedalen skal ha selskapet i samband med konfirmasjonen sin her , den 29. mai. Me vil gjeva henne ei gåve frå menigheten.

Sak 6  Avsluttning for sommaren vert sundag 22. juni.

Event. Sigrun kom med forslag om å taka vekk talarstolen. Det var me enige om. Sigrun L.S. og Øystein K. ser på ulike alternativ.

Speidaren skal ligge på «is» i alle fall fram til årsmøtet -15. Men det er nokon som er i «tenkeboksen».

Samlinga vart avslutta med bønn.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *