Kviteseid Misjonskyrkje, Betel, har i mange år hatt innsamling av klær, sko og sengetøy til Øst-Europa (Ukrania, Russland, Moldova) i samarbeid med Agder/Telemark-aksjonen.
Alle typer klær er aktuelle, men dei må vera heile og reine. Det same gjeld for sengetøy. Sko bør nok vera lite brukt.
Så nå er det tid for å rydde i skåp og skuffar!
Legg det du vil sende i ein søppelsekk. Vi er på Betel fredag 9. juni kl. 13-18 og tek imot sekkane. Vi er takknemlege for kr. 50,- i frakt pr.sekk.
Har du spørsmål så ring Sigrid på 976 89 406.