Sundag 10. juni er det sommaravslutning på Betel!
Vi møtest utanfor Betel kl 11.00.
Først blir det litt sang, kort andakt ved Åsbjørg og avskjedshelsing for Sigrid og Ove.
Deretter et vi saman. Pga brannfaren droppar vi grillinga i år. Vi lagar i staden salatfest! Ta med ein type salat, og litt brød / rundstykker, så set vi alt på eit stort bord slik at alle kan forsyne seg av det dei vil 🙂 I tillegg ordar komiteen pølser til ungane og is til alle! Litt kaffi skal vi også ordne. Anna drikke de treng tek de med sjølv.
Etter maten koser vi oss vidare med prat og leik.
ALLE VELKOMMEN!