Sundag 4. desember kl 18.00 ønsker vi velkommen til ei fin stund med masse song og musikk. Vi syng advents- og julesongar vi er glade i. Det er til og med lov å ønske seg ein song, og /eller fortelje om ein song du er glad i. Meld gjerne Ane på førehand om dette. 🙂 Enkel severing etter møtet.
Vi tenner adventlyset vårt i denne trygge von
at sterkare enn vinternatt er lyset frå Guds son.
Han bad oss bere lyset ut til dei som svelt og frys.
For verda, ho er kald og mørk,
men stjerna, ho er lys!
Å tenne lys der mørkret rår, det minner stjerna om.
For slik var vegen som han gjekk, den Frelsaren som kom.
Ho bed om tid og hjarterom for alle rundt på jord.
For verda er så kald og trong.
Men Frelsaren er stor!
Johan Sorknes