ÅRSMØTE 11. FEBRUAR

Vi kaller med dette inn til årsmøte i Kviteseid Misjonskyrkje laurdag (!) 11. februar kl 16-18.

SAKSLISTE

1. Innleiing ved Ane

2. Godkjenning av innkalling, og val av referent og protokollunderskrivarar

3. Årsmelding, samt orienteringar frå Speidaren og Strikkekafeen

4. Rekneskap

5. Orientering om styresituasjonen

Følgande personar er i styret også neste periode:

Ane Spikkeland Holm

Tone Fosse (2. vara)

Endringar:

Sigrun Lønning Solvang går ut av styret og stiller ikkje til gjenval

Åsbjørg Hægeland er på val.

Nils Arne Grutle har vore 2. vara og stiller ikkje til gjenval.

Valkomiteen (Oddvar Hægeland) saman med styret har ikkje klart å finne nok kandidatar til eit nytt styre.

Det noverande styret har hatt styremøte i januar og kome til følgande konklusjon:

Åsbjørg og Ane vil ikkje klare å drive styrearbeidet og organiseringa av møteverksemda «åleine». Vi ser inga anna løysing enn å setje sundagsmøta våre på pause dette halvåret. Vi ønsker ein god samtale om dette på årsmøtet. Dersom andre i menigheten ser annleis på dette enn styret, så er vi sjølvsagt opne for både innspel og initiativ.

Styret ønsker at dei faste bønnemøta held fram. Og vi er veldig glade for at strikkekafeen held fram. Speiderarbeidet, som er eit samarbeid mellom Kviteseid Misjonskyrkje og Den norske kyrkja, er heldigvis livskraftig og godt.  

Den noverande situasjonen betyr heller ikkje nødvendigvis at vi legg ned Kviteseid Misjonskyrkje.

6. Samtale om konsekvensane av sak 5

  • Relasjonar og fellesskap framover
  • Sjelesorg, forbøn, diakoni
  • Bidrag inn i det felleskyrkjelege arbeidet
  • Drift av sjølve Betel-huset
  • Informasjon utad om situasjonen

7. Eventuelt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *