Alle innlegg av Oddvar Hægeland

Sommaravslutning

Laurdag 15. juni kl 17.00 blir det sommaravslutning i hagen på Betel. Vi startar med salatfest. Ta gjerne med ein salat eller brød/focassia. Vi deler på det vi har med! Deretter blir det litt song og ein andakt ved Åsbjørg. Fam Grutle får oss til å leike saman, og til slutt blir det kaffi og is. Ta gjerne med stol og bord. Ta endå meir gjerne med deg ein nabo eller ven. ALLE velkomen!

Årsmøte 10. februar kl. 17

Velkomen til årsmøte sundag 10. februar kl. 17! Årsmøtet er kyrkjas øvste organ og er ei viktig samling for både å oppsummere året som var og å sjå framover. Vi startar med pizza.

Sakslista/programmet ser slik ut. Eventueltsaker må vere styret i hande før 3. februar.

  • Opning
  • Val av referent (Oddvar) og protokollunderskrivarar (blir gjort i møtet)
  • Årsmelding v/Oddvar
  • Rekneskap v/Magnus
  • Val til styret v/Åsbjørg og Magnus
  • Val av valkomité (blir gjort i møtet) og orientering om dei andre komitéane og funksjonane
  • Kollekten på sundagstreffa
  • Samtale om arbeidet i kyrkja vår
  • Eventuelt