Kategoriarkiv: Speidaren

Speidaren våren 2011

Februar

1.2     Aking              oppmøte i hoppbakken
15.2    Speidarmøte        Passpåhamni

Mars

1.3     Klatring      Kviteseidhallen
15.3    Speidarmøte        Passpåhamni
20.3    Skitur oppmøte betel kl: 10.00
29.3    Speidarmøte        Passpåhamni

April

10.4    Speidargudsteneste  Kyrkja i kviteseid  kl: 10.40. Ta på skjerf viss du har.
12.4    Speidarmøte        Passpåhamni
26.4    Avslutning på Kvitsund oppmøte på Kvitsund.

Det vert speidar- aksjon ein gong i april,
me kjem tilbake med informasjon når datoen er klar.

Me kjem tilbake med info om pinseleir.

God jol og godt nytt år!

Kviteseid misjonsmenighet ynskjer alle ein god jol og eit godt nytt år! Vi retter og ein varm takk til dei mange som har gjort friviljug innsats for menigheten i året som har gått.

Alle er velkomne på menighetens jolefest 4. joledag kl 18.

Det folket som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i skuggelandet, skal ljoset stråla. Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg i kornskurden, som ein jublar når hærfang vert utskift. For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund som på Midjans dag. Ja, kvar støvel som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde for elden. For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.

Jes 9, 2-6

Tur til Fjone 23.-24. oktober!

Det vert tur for små- og storspeidarar til campingplassen på Fjone. Vi skal ligge i ei stor gamme, og lage mat /ha leirbål på bålplass med tak rett ved. Det vert tid til nokre speidaraktivitetar. På sundag skal vi feire gudsteneste saman med resten av Betel misjonsmenighet, som også er på tur dit den helga.

Avreise frå Betel kl 11 for dei som vil ha eit stopp på PIPO leikeland i Treungen (kostar ca 80 kr ekstra), avreise kl 1300 for dei som skal rett til Fjone. Vi skal ete middag på fergekafeen i Fjone på sundag, og er nok attende i Kviteseid ca kl 1600. Påmelding til tlf. 93672392 før neste speidarmøte 19.10.

Ta med: 125 kr til mat/transport/overnatting, toalettsaker, ekstra klesskift, ekstra varme klede, lue, vottar, skjerf, sovepose, liggeunderlag, evt. regntøy, støvlar eller fjellsko, brød til 3 måltid, eit pålegg, kopp, tallerken, bestikk, kniv, speidarskjerf/speidargenser om du har, lommelykt.