Kategoriarkiv: Innlegg

Velkommen til eit nytt haustsemester på Betel

Etter ein flott sommar med mykje fint sommarvær er me igjen klare til å samlast i menighetsfelleskapet igjen. Det håpar me små og store ser fram til:)

Helsar dykk med litt av dagens tekst frå Joh.15.13-17

«De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre! «

Fyrste samling vert Sundagstreff 25. august kl.17.oo.

Vær frimodig og be med ein venn eller to…..

Sommarfest

 

Sundag 16.juni kl.13.00 vert det SOMMARFEST for store og små på uteområdet til Betel.

Program:

  • Grilling
  • Andakt v/ Ane S. Holm
  • Leik og moro
  • Kaffe og kake
  • Godt felleskap i gode venners lag

Ta med grillmat, drikke og stolar(bord).

Kaffe og kake vert ordna som vanleg 🙂

Viss de kjem med bil er det fint viss de parkerar på Sundvang, så kan me bruke vår eigen  parkering  til boltreplass.

Ta gjerne med venner/naboar på Sommarfesten; HER ER DET PLASS FOR ALLE!!!