Me ynskjer alle som les betelnett ei god jol og alt godt for det nye året! Me sjåast og på joletrefesten på Sundvang 3. joledag kl 17.
Kategoriarkiv: Innlegg
Innsida på norsk!
Innsida har tidlegare vore på engelsk, men no har eg lagt inn den norske versjonen. Håpet er at det kan senke terskelen for at nett du tør å leggje inn stoff her sjølv. Skriv ut den nye versjonen av veiledning for betelnett, skriv ditt brukarnavn og passord på arket, og heng han opp nær PCen!
Bønemøte hausten 2011
August: Matt. 7:7
24. Sigrid «Be, så skal de få. Leit, så skal de finne.
31. Anlaug Bank på, så skal det latast opp for dykk.»
Hausten 2011
Dersom du bytter eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
Velkommen til nytt semester!
Denne sumaren har vi tydeleg fått malt både mørkre og ljos for augo våre. Det er sterkt å sjå tydeleg det vi i teorien visste; at eit menneske kan gjera veldig mykje vondt. Men endå sterkare å sjå dei veldig mange som har vist kjærleik i ord, symbol og handling. Vi har sett at me som menneske er heilt overgjevne til kvarandre på godt og vondt. Og som menighet ynskjer vi å byggje eit felleskap av sårbare og slett ikkje perfekte menneske, som saman syner kvarandre og resten av verda at Gud er kjærleik. Vi vil og velje kjærleik, toleranse og forsoning framfor einsemd, bitterhet og hat. Kristus er vår frelsar og vårt førebilete.
Møtelista for hausten finn du her. Skriv ut, og del ut, til vener, kjende og ukjende! (Merk at menighetsturen som blei delvis annonsera før sumaren er forenkla til ein ein dags naturutflukt.)