Janna og Tor-Bjørn Nordgaard inviterer til husgruppe kvar tysdag kl. 1930 i heimen sin. Det blir fokus på å gjere spørsmål om kristen tru relevante inn i livet. Familien Nordgaard bur i Apaldalen 12. Første samling er tysdag 8. september. Lurar du på kva dette er eller kor det er, kan du ringe eller sende melding til 979 52 209.
Møteliste for hausten 2015
Innkalling til menighetsmøte på Betel sundag 30. august kl. 1700
Sundag 30. august kl. 1700 inviterer vi til eit ope menighetsmøte på Betel.
Er du engasjert på Betel?
Vurderer du å bli det?
Eller er du berre nysgjerrig på kva Betel er?
Uansett er du hjartleg velkomen til ei inspirerande og hyggeleg samling på Betel. Vi startar samlinga med å ete pizza saman. Dette er for store og små. Medan sjølve møtet foregår, kan ungane leike nede eller ute.
På møtet blir det ei innleiing om engasjement, identitet og tilhøyrsle ved Oddvar før vi går i gong med samtalar i grupper og i plenum. Det er ingen store saker som skal opp til votering, men det er eit viktig møte med tanke på visjonar, strategiar og vurderingar av arbeidet på Betel. Dette er også eit høve for styret til å presentere haustprogrammet og orientere om arbeidet vårt.
Referat frå styremøta 29. april og 8. juni
Sommarsamling på laurdag 13.juni kl.16.00
Kvar: Utanfor Betel
Tid: 13.juni kl. 16.00
Program: Grilling, andakt v/Janna N., aktivitetar v/fam. Fosse og sjølvsagt godt felleskap på tvers av alder.
Ta med: Grillmat m/tilbehør og drikke
Me ordnar: Bord, stolar, varm grill, kaffe og kake
Fint viss de parkerar på Sundvang slik at me kan bruke parkeringsplassen til aktivitetar.
PS! Viss regn vert samlinga inne på Betel. Ta med pølser/brød/lomper så varmar me pølser for heile gjengen.
Velkommen til ei trivleg samling for store og små, unge og gamle, kjente og mindre kjente:)