Fyrste husfellesskapsmøte i menigheten blir på søndag kl 1930 hos Kristin og Hame! Dersom du har meldt interesse, skal du ha fått ein epost om dette. Om du er interessert men ikkje har meldt deg på eller mottatt epost, er det berre å ta kontakt med ein i styret.
Kategoriarkiv: Innlegg
Møteplan og ansvarsliste for sundagstreff
No er møteplan for hausten og ansvarsliste for sundagstreff lagt ut! Du finn dei i høgre spalte. Del ut møtelista til kjende og ukjende!
Hausten 2010
Dersom du bytter eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
Dansegruppe på Betel
Det vert dansegruppe på Betel tre sundagar i haust frå 3. til 7. klasse. Samlingane er lagt til tre sundagar det er Sundagtreff frå kl.14.30 til kl. 16.30. Datoane er 26.sep., 14.nov. og 28.nov. Danselærarar er Julianna og Andrea som går i 1.kl. på Kvitsund Gymnas, dei har erfaring fra bl.a. jazzdans. Dei vil prøve å lære inn ein ny dans for kvar samling, dansen skal synast fram på Sundagstreffet kl.17. Dei som ynskje å vera med må ta på klær som det er godt å danse i (ikkje dongribukse) og drikkeflaske. Fint viss alle kan ta med ein svart tights og ei kvit eller svart t-skjorte til framsyninga på møtet. Det vil vera ein vaksen frå menigheten tilstades kvar gong. Har de spørsmål om dansegruppa kan de ta kontakt med Sigrun Lønning Solvang.