Klar, ferdig, gå……. Me er i gong igjen!

Håpar de har hatt ein fin sommar, og at de har fått kvile både for kropp og sjel slik Amund Rannestad minna oss om på siste samling før sommarferien.  No er tida komen for å samlast i menigheten igjen, og det ser me fram til med glede.

Det fyrste som startar opp er Bønnemøte på onsdag 20.aug. kl.20.30. Bønnemøte er ein stad der ein kan kome saman for å leggje stort og smått fram for Gud. Sett av ein liten time til denne viktige samlinga på onsdagar dette semesteret. Jesus har gitt oss store lovnadar knytta til bønn i bla. Matt.7.7-8.

Fredag 22.aug. kl.18.00 er det Fredagsklubben på Fredheim for 7.kl. og oppover. Me gledar oss over dette tilbodet til tenåringane i bygda som me drive i samarbeid med Kviteseid Pinsemenighet.  Oppfordrar alle til å vere med i bønn for desse viktige samlingane.

Sundagstreff for heile menigheten vert det på sundag 24.aug. kl.17.00. Då gledar me oss bla. til å høyre fyrste episode om Josef v/ Åsbjørg Hægeland og kva Johan Hammerich har å minna oss om. Ta gjerne med ein venn og to på samlinga for ; Her er det plass for alle…….osv.

Ansvarlister for Sundagstreff og bønnemøter ligg på nettsida. Viss de er sett opp på datoar det ikkje passar ber me dykk bytte innbyrdes eller gje beskjed til ansvarleg for lista. Stor takk og Guds velsignelse til store og små som gjer ulike oppgåver i menigheten.

Høtts øpp har alltid siste oppdatering av møtelista, så der er det berre å fylgje med!

Hausten 2014

Kvar onsdag er det bønnemøte i Kviteseid Misjonsmenighet  kl. 20:30. Bibelen lærer oss at det er mange løfter knytta til bøn, og det vil vi som menighet ha del i.  Og her kan vi be for og med kvarandre. Matt.6:33- Søk først Guds rike og hans rettferd,  så skal de få alt det andre i tillegg.

August:                                                 November:

20. Gunhild                                             05. Ove S.

Fortsett å lese Hausten 2014

Sommersamling søndag 22.juni kl.12.00

 

Alle store og små, unge og gamle eller midt i mellom…. er hjarteleg velkommen til  Sommarsamling for Kviteseid Misjonsmenighet sundag 22. juni kl.12.00 utanfor Betel.

Program:

  • Grilling av lunsj (eller tidleg middag?)
  • Sang v/ Autumn Nagy
  • Andakt av Amund Rannestad
  • Leik og moro:)
  • Kaffe og kake til alle
  • Godt felleskap

Ta med:

  • Stol og eventuelt bord
  • Grillmat og drikke
  • Ein venn, to venner eller fleire venner

Fint viss de parkerar på Sundvang fordi me satsar på å bruke vår eigen parkeringsplass til aktivitetar. Viss regn blir samlinga inne på Betel.