Kategoriarkiv: Innlegg
Kven er vi?
Kviteseid Misjonsmenighet er tilslutta Det Norske Misjonsforbund, som ein av ca 100 sjølvstendige menighetar og foreningar over heile landet. Det er rundt 8.500 medlemer.
Misjonsforbundet vart stifta i 1884 – og har heile tida drive evangelisk arbeid både i Norge og i Kina, Congo, Hong Kong og Colombia.
I Kristiansand driv Misjonsforbundet Bibelskule og Høgskule, Ansgarskulen.
Kviteseid Misjonsmenighet og Misjonsforbundet har som visjon «Guds barns enhet og menneskers frelse.»
Godt nytt år og nytt semester!
Semesterprogrammet for våren er no klart, og ligg her. Med atterhald om små endringar.
Våren 2010
Dersom du bytter eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
Jubileumsfest
Dette er til minne om at det er femti år sidan Sven Øverland, Helge Skorgen og den lange svensken Uno Olsson kom som unge forkynnarar til Betel.
Dei hadde starta bibelskuleutdanning på Ansgar, og blei sendt ut av Ingulf Diesen, som var rektor der då. Mange ungdommar kom på møta den hausten og vinteren. Desse er nå invitera til ei samling 1. nov 09. Me ser fram til denne sundagen, som startar med møte kl.n 13.00! ! Middag m/kaffe kl 15, og mimrestund kl 17.00. Alle er velkomne, både dei som ikkje hugsar frå denne tida, og sjølvsagt dei som var ein del av denne glade – men viktige tida på Betel.