Laurdag 4.mai kl.11.00 er det Ten-Tro- avsluttning for menighetens eigne konfirmantar; Renate Hosum Beck, Gunvor Spikkeland Holm og Ida-Bergit Rognsvåg saman med konfirmantar frå Fredheim. Håpar at mange frå menigheten har høve til å vera saman med konfirmantane m/ familien på samlinga laurdags føremiddag. Oppmodar alle til å hugse på konfirmantane i bønn.
Våren 2013
Dei som har ansvar for «kyrkjekaffen» når sundagstreffet er kl 11, må bake sjølv, eller få nokon andre til å bake.
Dersom du bytter eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
Fellesmøter 7.-10. Mars i Kviteseid kyrkje
Referat frå årsmøte, 20.januar 2013
Det møtte 16 medlemer og nokre barn og me åt pizza før møtet tok til.
Anlaug leia møtet og innleia med eit ord frå Gal. 6.2, før ho las eit kapittel frå boka til «Snåsamannen»
Allsangmøte med kjente Eidsvåg sangar
Sundag 3. februar kl. 18.00 vert det allsangmøte med kjente og kjære Bjørn Eidsvåg sangar på Betel. Lokale krefter leiar oss gjennom kvelden. Det er Olav Holm (piano), Sigrun Kvamme (sang), Jan Haugen (sang/gitar), Hallvard Jørgensen (sang/gitar) og Sverre Solvang (bass). Dette trur me vert ein trivleg sangkveld som passar for alle. Eit godt høve til å invitere med ein nabo eller venn. Enkel servering i gangen etter møtet. Sett av kvelden, dette blir bra!!