Allsangmøte med kjente Eidsvåg sangar

Sundag 3. februar kl. 18.00 vert det allsangmøte med kjente og kjære Bjørn Eidsvåg sangar på Betel. Lokale krefter leiar oss gjennom kvelden. Det er Olav Holm (piano), Sigrun Kvamme (sang), Jan Haugen (sang/gitar), Hallvard Jørgensen (sang/gitar) og Sverre Solvang (bass). Dette trur me vert ein trivleg sangkveld som passar for alle. Eit godt høve til å invitere med ein nabo eller venn. Enkel servering i gangen etter møtet. Sett av kvelden, dette blir bra!!

Bønemøte våren 2013

Kvar onsdag er det bønnemøte i Kviteseid Misjonsmenighet  kl. 20:30.

Bibelen lærer oss at det er mange løfter knytta til bøn, og det vil vi som menighet ha del i.  Og her kan vi be for og med kvarandre.

Matt.6:33- Søk først Guds rike og hans rettferd,

                     så skal de få alt det andre i tillegg.

 

Januar.                                                                     April:             

16.    Anlaug                                                            03.    Sigrid

Fortsett å lese Bønemøte våren 2013

Saksliste til årsmøte, sundag 20. januar 2013

Årsmøte tek til kl 17 med felles pizzamåltid !

Sak 1. Årsmelding ved Aslaug

Sak 2. Menighetens rekneskap ved Ove S

Sak 3. Undergruppene: Fredagssamlingane ved Sigrun

Passpåklubben ved Anlaug

Speidaren ved Aslaug

Sak 4. Valkomiteen si utgreiing ved Sverre og Ove L

Sak 5. Vidare renovering/oppussing av huset ved Anders og Øystein

Sak 6. Nye stolar

Sak 7. Andre ting

Vel møtt til årsmøte, alle som har lyst ! Medlemer har stemmerett – andre bare uttalerett !

Styremøte, 8. januar 2013, hjå Anlaug

Desse møtte : Anders, Øystein, Anlaug og Aslaug

Valkomiteen ved Sverre og Ove L, var og kalla inn.

Anlaug yngste velkomen og las frå ei andaktsbok.

Sak 1.  Fyrst fekk valkomiteen ordet. Dei la fram stoda når det galdt nytt styre for 2013. Det var ikkje enkelt å få nokon til å vera med, men etter nokre telefonar og litt samtale, ser det det ut til å ordne seg i år og. Deretter forlet Sverre og Ove styremøte.

Sak 2.  Signe Turid og Aslaug har vore hjå Byggmakker i Seljord og sett på nytt kjøkken. Me har pris og datateikningar på dette. Det som kjem i tillegg er ventilator og kjøkkenkran. Det er innhenta pris på foldedør. Rørleggar- og elektrikararbeid, samt måling m.m. har me ein ca pris på. Me har nå ein omtrentleg pris på kva det vil koste å renovere det eksisterande huset vårt. Men ein del tillegg vil det alltid koma. Me undersøker og kva eit lån på ca 15o tusen vil koma på. Det vert stemmt over dette på årsmøte. Me vart samde om å  kjøpe ny oppvaskmaskin, dersom den er rimeleg rask. Anders tek seg av dette. Det er kjøpt inn ny kaffetraktar.

Sak 3.  Da me nå har to TV apparat som kan brukast, må me som «næringsverksemd», betale to lisensar i året. Dette kostar ein del pengar. Me kan søke om «dispensasjon» men det er eit tungrodd system, så me vel å betale.

Sak 4. Det vart sett opp saksliste for årsmøte, som er sundag 20. januar, kl 17.

Sak 5.  Det vert eit felles bønemøte i år, mot tre tidlegare. Dette vert på Betel, onsdag 23. jan. kl 20.

Sak 6.  Me har vel 74 tusen på «stolkonto». Basardamene/stolkontokomiteen ynskjer innspel når det gjeld val av stoltype !

Sak 7.  Dersom det let seg gjera, vil dei tre konfirmantane våre, bli presentert på møte 10. februar.

Sak 8.  Skal me halde fram med å sende pengar til «Jacobs Hus» ? Årsmøte avgjer.

Sak 9.  Anlaug legg inn møta fram til 10. februar på Betelnett.

 

Møtet var avslutta med bøn !