Kviteseid Misjonsmenighet vil ynskje dykk alle ei fredeleg jolehelg og eit godt og velsigna nytt år !
Adventsmeditasjon 12/12 kl. 1930
Styremøte, 20.november 2012
På styremøte, 20.nov. 2012, møtte; Anlaug, Anders, Øystein og Aslaug
Møte var som vanleg innleia med Guds ord og bøn!
Det var ein komentar til referat frå styremøte, 16.okt.-12 !
Styret vedtok på dette møte, at me skulle kjøpe inn «gatebukk » og tromme som fredagsklubben skal bruke.
Dette er nå gjordt.
Sak 1 : Det har kome inn prisoverslag frå Ingvald Sigurdslid, ang. ombygging av del av leiligheten som kan brukast som sal,
samt nytt kjøkken i kjellar. Anders undersøker pris på ny, rask oppvaskmaskin og styret skal samlast på Betel for å sjå på moglegheten for å lage nytt kjøkken der kontoret er nå. Det må innhentas pris på kjøkkeninnreiing og kva rørleggararbeidet vil koma på. Me må og ha pris på foldedør frå Lun Vel.
Aslaug undersøker med banken kva eit lån på 150/200 tusen vil koma på. Ho sjekkar og moglege tilskotsordningar.
Sak 2: Styret har vedteke å undersøke med Misjonsborbundet Ung (speidaren) og Trailklubben, som har ein del pengar dei ikkje brukar. Kan nokre av desse pengane overførast til menigheten ? F. eks til «stolkontoen» ?
Sak 3: Undersøke pris på stolar til neste styremøte i januar – 13.
Sak 4: Seta opp datoar for sundagstreff i vårhalvåret. Årsmøte vert sundag 20. januar. Anlaug går inn i sundagstreffkomiteen etter Olav.
Sak 5: Presentasjon av konfirmantane vert til vinteren.
Sak 6: Aslaug undersøker pris på og event. kjøper ny kaffetraktar.
Øystein kjøper skilt på veggen ute og belegg til trappa.
Sak 7: Saksliste til årsmøte vert lagt ut på Betelnett !
Event.: Anlaug las brev frå Misjonsforbundet.
Adventsmeditasjon 12. desember kl. 1930
Eit musikkmøte med fokus på julebodskapen. Oddvar Hægeland kjem til å ha nokre refleksjonar mellom songane.
Sang og Musikkmøte!
Sundag 18.novbr kl 17.00 vert det sang og musikkmøte på Betel. Me får besøk av sanggruppa «Godt Nytt» frå Øyfjell. Det er ei gruppe som har mykje fin sang og musikk. Håpar at mange kjem for å høyre på dei denne sundags ettermiddag. For dei som har lyst og anledning blir det servera kaffe og kake i peisestoga etter møtet. Det vert ikkje noko langt møte så tak med barna og!